Bedrift

Eg er autorisert ergoterapeut og er godkjend som Arbeidsplassvurderar gjennom NAV si nasjonale refusjonsordning. Eg har tilrettelagt over 70 arbeidsplassar på Sunnmøre. Eg kartlegg fysisk og psykisk arbeidsmiljø, og bidreg til å løyse fysiske og mellommennesklege utfordringar på arbeidsplassen.

Tenesta fører til at arbeidstakarane

  • arbeider meir effektivt
  • har det betre på arbeid
  • har færre fråversdagar

Eg leverer følgjande tenester til bedrifter:

  • Arbeidsplasstilrettelegging etter avtale med leiar i bedrifta

  • Arbeidsplassvurdering gjennom NAV si refusjonsordning

  • Tilrettelegging av arbeidsplass

  • Ergonomiundervisning for dei tilsette

Har du spørsmål eller ønskjer om noko som ikkje står her, gi meg utfordringa via epost eller telefon!

Ring meg på mobil 456 11 654 for å be om eit tilbod.