Kommune

Storfjorden ergoterapi vart etablert for å gi kommunene rundt Storfjorden moglegheit til å leige inn ergoterapeut for å få dekka innbyggjarane sine behov for ergoterapitenester. Firmaet tek sjølvsagt også oppdrag frå andre, og har til dømes jobba for Aure kommune på Nordmøre. Under er forslag til korleis teneste kan leigast. Representerer du ei kommune eller ei teneste i ei kommune, så send meg ei melding via «Kontakt meg her…» i menyen til venstre eller ring meg på 456 11 654.

Eg leiger ut meg sjølv som autorisert ergoterapeut til

  • kvardagsrehabilitering

  • einskildsaker på timebasis

  • kommuneergoterapeut i prosentvis stilling/fast dag i veka

  • kartlegging og arbeidsplasstilrettelegging for å førebygge og redusere sjukefråver

  • konsulentarbeid i høve Universell Utforming i offentlege bygg og sansehagar (kommunal byggenemnd)

Timeprisen etter avtale. Sjå under fana Person for å få vite kva vi gjer.