Kva er ergoterapi?

Ergoterapeutar er meir opptekne av løysingar enn av problem, og tenkjer annleis enn andre helsearbeidarar om aktivitet og funksjonar. Derfor startar ergoterapeuten samarbeidet med å spørje om kva som er viktig i livet ditt.

Ergoterapeuten hjelper deg deretter med å trene opp og tilrettelegge aktivitetane i kvardagen din. Viss heimen din eller jobben din må endrast, kan ergoterapeuten bidra. I tillegg gjer ergoterapeuten det muleg for deg å komme deg frå den eine kvardagsaktiviteten til den andre.

Ergoterapeutar si kjernekompetanse

Kjernekompetansen i ergoterapi er noko som kan forventast at alle ergoterapeutar har. Kompetansane er delt inn i 7 hovudområder. Desse områda glir over i kvarandre og om du trykker på play i modellen til høgre, får du sjå korleis eg meiner at dei påverkar kvarandre. Overordna er tanken om at praksisen skal vere løysingsretta, kunnskapsbasert og samarbeidsorientert. I sirklane som følgjer, kan de sjå korleis dei 4 andre kompetanseområda er fletta inn i kvarandre. Målet er alltid å auke deltakinga og inkluderinga, det vere seg i eigen heim, på arbeid eller i samfunnet generelt.

For å nå måla arbeider ergoterapeutar i forhold til dei tre kompetanseområda utvikling av mennesket si meistring, tilrettelegging av aktivitetar og endring av omgivelsar.

Modellen i sin heilskap syner dei mest sentrale kjernekompetansane i ergoterapi. I tillegg har ergoterapeutar grunnleggande kunnskap om 7 temaområder innanfor helse: allmennhelse, arbeidshelse, barns helse, eldres helse, folkehelse, psykisk helse og somatisk helse.

For meir informasjon om ergoterapi, sjekk Norsk Ergoterapeutforbund sine heimesider her.